2. oktober 2009

Vel framme på Madagaskar

Hei alle saman!

Etter å ha vore på Madagaskar snart halvanna døgn, har vi hatt mange opplevingar! Vi starta godt med kansellering av flyet frå Bergen til Oslo, men kom oss vel fram til slutt, med bagasje! Veldig fint:) Litt spennande prosedyre på visumsøknad, men alt gjekk fint i hamn.

Vi vart henta på flyplassen av Tanteli (betyr honning;)), og han køyrde oss dit vi ville, både for å kjøpe vatn, mat, gå på do og sjølvsagt då fram til Antsirabe, her vi bur no, på eit gjestehus som tidlegare var norsk skule. Vi har truffe mange kjekke folk her, som har gitt oss gode tips til livet her nede. Her på gjestehuset har dei ei dame, Astrid, som er her for å snakke med gjestar og vere behjelpeleg på tunet. Ho har vore misjonær her nede tidlegare (mellom 1961 og 1982), og er kjempekoseleg! Ho var med oss på butikk i går og på marknad i dag, og vi har òg fått høre om misjonsarbeidet her nede av ho. Veldig kjekt!

Elles har eg til no skrive fire sider (A4) i dagboka/loggen min, så dei som er interesserte kan få lese den når eg kjem att:)

Sjå òg Christine (christineaahansen.blogspot.com), Solveig (solveighaukaas.blogspot.com) og Janne (janneibergen.blogspot.com) sine bloggar for å lese om korleis vi har det.

So long:)

3 kommentarer:

  1. Kjekt å høyre frå deg. Det var eit strålande tilbod du kom med, men husk eg må bli ferdig i god tid før palmehelga!!!! Å lese dagboka di altså....

    SvarSlett
  2. Kjekt å få telefon frå Madagaskar på bursdagen. Det har eg aldri fått før. :) Det er vel våren hos dykk no. Har dei fått potetene i jorda eller er det andre vekstar som står i fokus? Er det noko husdyrhald å sjå? Reknar med fyldig rapport når vi treffest igjen. Inntil vidare: Lev vel.

    SvarSlett
  3. Poteter, ris og manjok er i jorda. Her har dei zebufe. Dei er ganske spesielle, med pukkel paa ryggen og svaere horn! No har eg nettopp sendt brev til dykk, saa eg er spent paa naar det kjem fram:)

    SvarSlett