23. februar 2008

Je, je, je, pretty cool...

Er heime for tida. Kult det:)

Mamma og pappa er i Israel. Vi søskena er heime åleine på vinterferie:) Kult det.

I dag har vi vaska heile huset. Kult det...

Eg har ei åtte siders norskoppgåve om eventyr eg må levere inn i løpet av neste fredag... kult det...

Det bles her! Kult det...

Kuling;)

3 kommentarer:

  1. heisann hoppsann....nytt innlegg...kult det;) hehe... norsken går bra kjære deg=)=) sende øve ein superklem me stormen....kult d;)

    SvarSlett
  2. Hei du!
    Kjekt å sjå at de fekk ruska opp sjøen litt de og, slik at ikkje all vinden kom ut til oss!
    Elles må eg seie at eg er imponert over den slekta di. Ikkje alle ungar/umgdommar hadde brukt vinterferien til å frivillig vaske eit hus der ikkje ein gong opphavet var heime. Men no veit jo ikkje eg korleis dei hygieniske tilhøva var heime hos dykk då, kanskje var det rett og slett naudsynt å brushe opp heimen...;)
    Håpar du har fått restituere deg litt frå all den grusomme norsken og pedagogikken du syslar med. Kan du forresten seie deg einig med ho dama som gikk og sa at ho meinte lærarskulen hadde null relevans for henne då ho skulle ut og undervise?

    SvarSlett
  3. Vel, det var vanleg helgevask, men nødvendig. Når ein fordeler oppgåvene og er mange saman, går det som oftast smertefritt;)

    Restitusjon blir det ikkje så mykje av før eg får levert inn denne norskoppgåva, forhåpentlegvis no på fredag... Men får eg det til skal eg ta fri i helga, før eg startar eksamenslesing i neste veke..:)

    Vil kanskje seie at null relevans var å ta litt hardt i. Ein lærer ting som er nyttige i skulen og praksisen er jo veldig lærerik. Det er likevel mykje på pensum som ikkje har direkte med undervisning å gjere...

    Kjekt å høyre frå deg:D

    SvarSlett