7. februar 2008

Første veke med valfag etter jul

Jepp, då er eg (snart) halvvegs med valfagsperioden denne gongen. Vi starta måndag og har to veker no før vinterferien. Etterpå har vi så to veker med undervisningsfri til å lese til eksamenen i veka før påskeferien. Så er det påske, og ikkje før etter den startar vi med vanlege førelesningar att. Kjenner at det er litt godt, ja!!!

Men i mellomtida har vi ørten oppgåver vi må gjennom òg... Først og fremst er det praksisoppgåvene; ein grupperapport, ein individuell rapport og eit praksisrelatert arbeidskrav i KRL. Er faktisk snart ferdig med alle desse! Ikkje verst, om eg må få lov til å seie det sjølv. Men den verste oppgåva er att; den i norsk... Den skal vere på heile 8 sider, +/- 10%... Grøss og gru. Gler meg ikkje akkurat til å arbeide med den, nei... Men det må vel til... Ja, ja...

Iallfall; veka så langt har eigentleg vore grei. Vi starta opp må måndag med å lage sjølvportrett med kolstift og knettgummi. Litt vanskeleg, men spennande. Veit ikkje heilt om det likna, men det gjekk iallfall fint å sjå at det var eit menneske;)

Tysdagen hadde vi først førelesning om kunstteori; korleis ein skal sjå på kunst og litt idemyldring over korleis ein kan jobbe med kunst saman med barn i skulen. Deretter starta vi på ei oppgåve i linosnitt. Vi skulle velje oss ut eit dyr vi ville arbeide vidare med. Eg valde eit dyr som fascinerer meg; sjiraffen. Morosamt, men litt vanskeleg dette òg. Det er vel ikkje meininga at det skal vere heilt lett heller...

Biletet eg tek utgangspunkt i i linosnittoppgåva

Onsdag var undervisningsfri, men arbeidssomme som vi er samla vi oss vi som var i praksis på Ostereidet Barneskule. Vi fekk skrive ferdig og levert grupperapporten, samt at vi som skulle det nesten fekk skrive ferdig KRL-oppgåva. Veldig bra! Då var vi nøgde med dagens innsats:)

I dag heldt vi fram med linosnittoppgåva, og starta å trykke. I tillegg laga vi til lerretet vi skal måle på i neste veke. Veldig kjekt! Både oppmåling, saging, liming, spikring, hamring, klipping, stifting, måling, skjering og trykking i løpet av dei same timane! Ikkje verst:)

I morgon er det Picassoutstilling som står på programmet. Vi skal på guiding kl. 13 på museet utstillinga er i i sentrum. Kan bli spennande eller utruleg kjedeleg. Håpar på det beste:)

Eitt av Picasso sine heller vakre kunstverk

Etter utstillinga reiser eg og JB forhåpentlegvis, dersom Vikafjellet er ope, til Vik for å vere der i helga. Trur det blir bra:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar