30. juni 2009

Stor dag!

Dei som har sete i same klasserom som meg dei tre siste åra, veit at eg har halde på med eit broderi (!) av det kjende barnerombiletet av ein engel som våkar over ei jente og ein gut som går over ei lite solid bru. Starta på dette broderiet i påska før bibelskuleåret, altså påska -06, så vidt eg hugsar. I dag er dagen eg endeleg har blitt ferdig med korsstinga på dette broderiet!!!

Du får sjå ein større versjon av biletet om du trykker på det.
Nyt synet;)


Då var det "berre" atterstinga att... Og dei er det mange av!!! Det er nesten slik at eg berre er halvvegs no; slik ser det iallfall ut.. Kanskje bortimot 2/3 ferdig. Litt meir arbeid med korssting enn attersting, men det er mange av dei, ja...

1 kommentar:

  1. Bra jobba! Attersting går fort, men d e ett poeng at d e mangen av di ja. Men d e så fint å sjå kossen detaljane komme skikkeligt fram når du syr atterstingå :)

    SvarSlett