4. desember 2007

Advent og sju rare ting =)

Adventskalendaren min, som heng på kjøleskapet her i kjellarhusværet eg leiger (magneten er frå Ukraina:))

Joda, så er advent her, med lysestakar, stjerner og adventskalendar. Frå og med laurdag var det fullt lov (nesten, iallfall...) med peparkaker og kakemenn, mandarinar og julemarsipan. No er det litt greiare at der er juletre over alt, sjølv om eg likevel synest det er litt for tidleg med reklameplakatane som seier "Santa Claus is coming to town"...

Det er noko eg har tenkt på.. Nissar og snømenn har teke over veldig mykje av jula... Når såg du sist eit julekort med stall og krubbe på? Det finnast, det er greitt.. Men i kortpakkane frå organisasjonane som bruker å komme i posten rundt desse tider, ser ein dei sjeldan. Det er ganske trist at mange ser vekk frå det jula eigentleg handlar om; at Jesus Kristus kom til jorda som eit lite og hjelpelaust menneskebarn, for å vekse opp til forundring og forarging frå dei skriftlærde og til slutt døy og stå opp for alle menneske, så vi kan bli fri frå synd og få vere saman med Han i all æve! Amen! Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i! (Lukas 2, spesielt vers 14)



Så var det då sju rare ting om meg... Utfordringa om å skrive det fekk eg frå Christine, og no er det på tide at eg svarer slik eg har lova ;)


1. Eg har eit skeivt smil; venstre del av underleppa går lenger ned enn høgre delen...

2. Eg eig eit trådlaust strykejern. Det har ein dockingstasjon den må ladast på, frå tid til anna. Apparatet fekk eg til 16-årsdagen min av bestemor. Eg brukte det for første gong i ettermiddag...

3. Eg har eit omtrent to centimeter langt og fire millimeter breitt arr like over venstre kne. Det fekk eg den gongen eg hogg meg i foten medan eg heldt på å kviste ei grein. Det rare var at det ikkje gjorde vondt... Det blødde berre.. Så eg gjekk roleg ned til huset og fekk plastra såret.

4. Eg har ein litt merkeleg måte å ete visse ting på, til dømes smågodt; er det noko som har lag med ulike ting, et eg som oftast lag for lag. Ta til dømes marsipankulene (som eg forresten er VELDIG glad i ;D) som dei sel som smågodt; det er marsipan med eit lag sjokolade utanpå. Då et eg som regel sjokoladen først, før eg kosar meg med marsipanen. Trur sjølv grunnen kan vere at eg vil ha reine smakar... høyrest betre ut det, enn å bli skulda for å ha tvangstankar;)

5. Eg har tre edderkoppar i frysaren. Den første fann eg på badet, den andre i oppvaskkummen på kjøkenet og den tredje på dyna mi!!! Æsj, æsj, æsj!

6. Eg har spart til langt hår heile livet.

7. Eg har aldri hatt hol i tennene i ein alder av heile 20 1/2 år. Skal til tannlegen 14. desember, og då vil det vise seg om statistikken held seg...


Jaja... Dette var sju meir eller mindre rare ting om meg:)

Har oppfatta det slik at eg skal gi stafettpinnen vidare til sju nye personar.. Det gjer eg, men eg vil seie det til dykk sju: Dette er berre om de ønskjer det, og berre for gøy! Ikkje la det stresse dykk;) Skriv gjerne som ein kommentar til denne bloggen:)

Dei sju heldige (alt etter slik du ser det) er John Bjarne (go'gutten min), Per Kristian (min kjære broder), mamma (trufast lesar), Ingrid H. R. (BiG- og køyrevenninne), Kjersti N. (venninne frå Tabu og Gideon), Ingvild G. B. (korps- og bibelgruppevenninne) og Anders (Fjordly-kompis).

Eg er spent! :D

8 kommentarer:

  1. Så vannvittig kult kult Solveig at du tok utfordingen....:) Du e gor du...og lykke te me ped.oppgåva...det kjeme te å gå bra..Christine sende ein superklem bare te deg......

    SvarSlett
  2. takk og takk:D

    d går for så vidt framover me oppgåva no, men ei utfordring å drive me noko ein aldri har gjort før, ja...

    gler meg til å bli ferdig!!

    superklem til deg igjen! :D

    SvarSlett
  3. Linda:
    nei, d har han ikkje...
    korleis går d me deg?

    SvarSlett
  4. Hei i stova! Eg blei so beæra av å bli utfordra at eg eigentleg synest det var ein grunn i seg sjølv til å ta den. So, sete dokke godt folkens?
    1) Eg kan ikkje å skifte dekk, etter 18 år og ei punktering. (Nåken som vil lære meg?...)
    2)Eg motivera meg til å stå opp kvar dag med å skrape dagens luke av same kalenderen som Solveig har bilde av på blogposten her
    3) Eg var ALDRI ALDRI ein fan av Spice Girls (til tross for at hysteriet greip ALLE eg kjende i mils omkrets). Eg visste det ikkje kunne vare - og kven fekk rett?
    4) Eg har vore i sånn ca 8-9 europeiske land, men aldri i fylkesadm.senteret O, store Hermansverk
    5) Eg har aldri logga meg på og laga konto på noko chatte-program på nett (MSN, Facebook, Sol, Blink, you name it)
    6) Eg har berre sett "Grevinnen og Hovmesteren" ein gong, i ein alder av 16
    7) Eg har såte på en stol som Mette-Marit har såte på (og ettepå sette eg med på Haakon sin - va ikkje fullt så god den). La meg presisere: det var ETTE at Mette-Marit og Haakon hadde reist seg

    SvarSlett
  5. Nyydeli, Kjersti!
    Kjekt svar:D

    SvarSlett
  6. Oi, oi, oi! Plutseleg oppdaga eg at EG var blitt utfordra! For ei ære! Vel... får sjå om eg finn på noko rart med meg:)
    1)For å fortsetje etter Kjersti, så får eg seie det at eg kan faktisk å skifte dekk, men eg har aldri fylt bensin på bilen, enno eg snart e 19.
    2) Eg e betre på verdsgeografi enn georgafi i eige fylke. Kanskje ikkje heilt bra...
    3) Og så har eg ikkje vore lenger nord i landet enn Molde
    4) Når eg ska opne ein sjokolade, ein melkerull eller noko anna, så må eg opne den slik at det e den venstre delen av papiret eg tar først opp. Var det nokon som nemde tvangstanke?
    5) Ein gong Wenche Foss var på Rica Sunnfjord Hotell, gjekk eg og nokre andre inn på rommet hennar for å få autografen. Vi hadde fått lov altså!
    6) For å ta opp att desse kongelege, så har eg gått i 17.mai tog forbi slottet og vinka til kongefamilien, som vinka fint tilbake. Trur dei vinka til nokre andre enn meg oggå då...
    7) Eg stiller alltid klokka to - tre minutt foran det den eigentleg er, slik at eg ska blir litt meir stressa, så eg rekk alt eg ska på. kjekt å bli litt ekstra stressa:)

    SvarSlett
  7. oo, takketakk, Ingvild! Morosamt å få svar;)

    Når du har vore nord til Molde har du jo fått med deg det viktigaste;) (for å snakke godt om fødeplassen min;))

    Jammen bra du synest det er kjekt å vere stressa, så mykje du har på tapetet til ei kvar tid;) Håpar du får det til å gå opp:)

    SvarSlett