11. september 2014

Origami

'Ori' er eit japansk ord som betyr 'å brette' og 'kami' betyr 'papir'. 'Origami' betyr altså 'å brette papir'. Eit enkelt biletsøk på nettet gir tusenvis av døme på kunsten. Her kan ein finne både ulike oppskrifter og historie til temaet. Tilrådd på det sterkaste!

For min del er det eldste broren min som har gjort meg merksam på opplegget. Han var særs ivrig ei stund, og gav til dømes vekk femtilappar bretta som skjorter i ulike bursdagar.

Eit anna klart minne knytt til origami er eit teikna fjernsynsprogram. Det var ei forteljing spunne rundt den japanske myten om at om ein brettar 1000 papirtraner, vil ein få eit ønske oppfylt. Heilt sikkert inspirert av historia om jenta Sadako som fekk leukemi etter atombomba i Hiroshima og døydde av det, etter å ha bretta over 1300 traner. Hennar høgste ønske var å bli frisk og å få fred i verda. Ho fekk ikkje vekse opp, men har blitt ei av mange historier som inspirerer til fred. Vi kan alle vere med på å gjere den til ein realitet!

Eg finn mykje fred i naturen - prøv du òg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar