31. januar 2010

Helga som gjekk

Du verda, kor godt det er med helg!

Helga har vore flott! Etter ei hektisk veke (skuleopplegg kvar dag!) var det godt å få komme heim og slappe av! Rett og slett.

Etter helgevask på etasjen fredag, sette eg og JB oss i bilen og retta kursen mot Kråkenes. Der vart vi tekne i mot med opne armar og ein god og varm kopp kakao. Aldeles nydeleg! Før sengetid fekk vi òg helse på Bergsvein, som kom litt etter oss, i tillegg til å fortære varme rundstykker, med tunfisk og majones på, for min del. Nam! :)

Tunfisk, òg kjent som makrellstørje, er ein fascinerande skapning.
Den er som ein gigantisk makrell (kan bli opp mot 500 kg tung),
som, som alle andre makrellar, er avhengig av kontinuerleg symjing
for å få nok oksygenrikt vatn over gjellene.
Blir den stoppa, blir den kvelt.
Foto og delar av informasjonen er henta herfrå

Laurdags morgon var roleg og fin. Fredag var PK sin bursdag (GRATULERER så mykje!!! :D), men han var på Skjergardsheimen og kosa seg der. Men mamma og pappa hadde så lyst å gi presangar at dei hadde ein eg fekk:D Det vart kalla ein tidleg bursdagspresang:) Og lukkeleg pakka eg opp ein ny mobil! Tidlegare knuste eg skjermen på den gamle mobilen min (ei bitter affære med klappstolane i auditoriet på NLA!), og i etter det har eg fått bruke JB sin gamle. Men på den har navigasjonsjoysticken slutta å fungere, så den var mildt sagt ikkje så enkel å bruke. Slik sett var det veldig greitt med ein tidleg bursdagspresang;) Når den i tillegg har sju spel, og der eitt av dei er Uno (!), då er det omtrent toppen på kransekaka:D

Ein tur til Førde vart det òg tid til; mest for å prøve og plukke ut eit servise som vi vil ønske oss til bryllaupet. Mamma var med som konsulent. Vi såg på mykje, men det er merkeleg kor mykje rart som blir selt i butikkane, og kor vanskeleg det er å finne noko ein verkeleg liker. *sukk* Får prøve litt til; ønskeliste er altså under produksjon.

Eg fekk òg strikka krage til babykjolen eg heldt på å avslutte. No er der berre hekling av fastmasker i splitten bak, påsying av tre knappar, to ermer, femti kronblad og ti blomeknoppar. Og det er jo igrunn ikkje berre, berre, men er no ferdig med strikkinga iallfall.

Laurdags kveld vart avvikla på tradisjonelt vis; med heimelaga pizza:) Noko som ikkje er så vanleg ein laurdags kveld, utanom ein gong i januar, er knusing av peparkakehus. Men det gjorde vi denne kvelden, eller rettare sagt; vi braut av bitar og åt. Utruleg godt; eit høgdepunkt!

Søndag vart ein god frukost, gudsteneste, avskjed, lite besøk hos onkelfamilien til JB og eit litt lengre besøk hos broren til JB, Tryggve, med film, pizza og tur tilbake til Bergen. No skal det bli godt å sove. Kanskje klar til ei ny veke?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar