11. oktober 2008

Og kvardagen er drit?

Vel, nei... Eigentleg ikkje. Eg har det bra, på mange måtar:)

Men når skulearbeidet og andre kjedelege, men nødvendige, oppgåver hopar seg opp, og ein eigentleg ikkje har tid til å gjere det ein har mest lyst til - å vere saman med kjærasten og gode vener, leike med PC-spel og liknande, lese bøker ein har lyst til å lese og ta det med ro i helgene - då blir det kjedeleg og leitt...

Greitt nok at studiet no er jobben min - det eg skal leve av, men likevel - ein jobb er trass alt som regel ferdig ein gong, og ein har eit relativt greitt skilje mellom arbeid og fritid. Studium derimot er mykje tyngre - ein skal lære noko, og då er det ikkje nok å berre vere til stades på skulen - ein må òg lese og gjere oppgåver, slik at ein lærer seg stoffet. Ein får heller ikkje sjølv bestemme tempoet - neida, her er det innlevering på innlevering med fristar her og der. Eigentleg eit slit, dette...

På den andre sida - folk seier ein skal nyte studenttida - fridomen og ungdomen.. Jaudå...

Vel.. Dei fleste kan vel vere samde om at det er kjekt når ein er i rute med ting, og når det er mogleg å setje andre ting til sida, for å gjere ting ein heller har lyst til. Det er digg!

Innvendingar?

3 kommentarer:

  1. Helt i starten av studietida (dvs i fjor høst) tenkte jeg litt på at mange prater om at vi må nyte studentlivet, og dens bekymringsløshet. Jeg kjente meg ikke helt igjen. Så kom jeg i snakk med to damer(på ulikt tidspunkt), og ingen av dem tenkte slik. De sa at de så at studenter i dag faktisk ikke alltid hadde det like lett, av diverse grunner. De skjønte at vi har endel å tenke på - og de tenkte at det måtte være tungt å være fulltidsstudent og jobbe ved siden av, for de som gjør det. Jeg syns det var interessant å høre tankene deres, for de er de første voksne jeg har møtt som ikke glorifiserer studietida. Altså, jeg skal ikke klage, jeg har det ganske fint :) Bare ville dele historia :)

    SvarSlett
  2. HAH! Flott der kom jo svaret på spørsmålet mitt!!! Jaja. Skjønar at d ikje e berre berre å ver student! Men håpar du rekk fristar og innleveringar, eg e sikker på at du gjer d bra! Men... Alle burde jo eigentleg bli sivilarbeidarar... DET er ei fin tilværelse det!

    SvarSlett