19. november 2006

Eg skal til Ecuador!


3. november var fristen for påmelding til studieturen til Ecuador, som BiG 
gir studentane sine ein sjanse til å vere med på. Idet tredje time skulle til å begynne, leverte eg inn påmeldingslappen min, etter å lenge ha vore i tvil om eg skulle reise. Prisen kom til å bli høg; vi hadde fått eit prisoverslag på omtrent 16000 kr. Men eg bestemte meg for å vere med på 
turen. Trur den vil bli ei oppleving for livet. Eg gler meg!!!

Allereie fredagen som gjekk møtte vi opp, 13 studentar og ein lærar herifrå, på legekontoret i Grimstad for vaksinasjon. Eg, som ikkje har vore i utland ein treng vaksinasjon for å reise til, måtte få i meg to sprøyter; vaksinasjon mot hepatitt A+B og gulfeber. Så skal vi tilbake att 15. desember for andre vaksinasjonar. Sprøyteskrekk er ikkje noko eg lid særleg mykje av, men det er likevel ikkje det kjekkaste akkurat...

Om du lurer på kva eg ønskjer meg til jul, får du her nokre gode tips: pengar til tur! Det trur eg er det beste eg kan få i år:) Når det nærmar seg sommar, og året på BiG er formelt avslutta, arrangerer dei kvart år her ved skulen tur til Israel for årets studentar, noko eg, i tillegg til turen til Ecuador òg vil få med meg, før eg tek farvel med alle dei gode venene mine her frå skulen og startar på neste år. Pengar er altså noko eg vil få god bruk for...

Om de vil finne ut meir om Ecuador og misjonsarbeidet som blir drive der, samt få vite meir om misjonærane vi skal besøke der nede, og IBLE, bibelskulen der nede, som vi støttar gjennom misjonsprosjektet her ved skulen i år, er www.ecuador.normisjon.no ei bra side. Check it out:)

4 kommentarer:

  1. Wow, saa kult aa hoyre Solveig! Eg var der vaaren 2005, det er eit flott land altsaa!
    Kor skal du vere lokalisert hen der? Quito eller Guyaquil eller ein annan plass?

    SvarSlett
  2. Vi skal vere mest i Guayaquil, og elles besoeke Canjar hoegt til fjells. Skal over 4000 m.o.h. Det blir spennande! Vil tru der er flott. Eg gler meg!

    SvarSlett
  3. hallo sovvil. korleis verkar ditta herane du? mama

    SvarSlett
  4. joda, no skal du høyre, mamma:) Her på denne sida kan eg skrive inn det eg vil, og så kan du sjå på det og kommentere:) Kjekt, eller?

    SvarSlett